fredag 17. september 2010

Trymskvida

Trymskvida er eit eddadikt frå den ynge edda. Etter innhaldet deler vi eddadikta inn i gudedikt og heltedikt. Gudedikta handlar om hendingar frå mytologien, der vi møter æser og åsynjer som Odin, Tor, Loke, Frøy og Frøya i dramatiske, humoristiske og alvorlege situasjonar. Heltedikta handlar om personar som har fått overmenneskelege eigenskapar. Kven som har skapt dikta veit vi ikkje, men dei antes for å være overleveringar frå en munnleg tradisjon som eksisterte i hundrevis av år ,og blei nedskreve i middelalderen.


Forskarar er ueinige om kor gammalt Trymskvida er, men det er nokon som meiner det er ein kristen parodi på dei gamle gudane, mens andre meiner latteren var eit virkemiddel i den heidenske troa. Diktet har truleg blitt overlevert i munnleg i fleire hundre år før det blei skreve ned av munker og prester på Island ein gong på 1200-tallet. Trymskvida er eit typisk gudedikt der vi møter gudane i humoristiske og uhøgtidlege situasjonar og skildrar den morsame soga om jotunen Trym. Trymskvida begynnar med at Tor vaknar og forstår med ein gong at hamaren hans er stole. Dette fører til at Tor blir rasande. Hos Loke får Tor vite kven som har stole han, og finn ut at det er jotunen Trym som står bak det heile. Trym nektar å gi frå seg hamaren før han hadde fått kjærleiksgudinna Frøya til hustru. Med denne beskjeden talar dei med Frøya og får vita at ho aldeles ikkje vil gifta seg med Trym. Dei held då et møte til å finne ut korleis dei kan hitta hamaren. Heimdal kjem då med eit godt forslag. Han sa at Tor måtte kle seg ut med klede til ein kvinne og late som han er bruda Frøya. Tor var imot denne planen, men Loke fikk han til å forstå at det var den einaste mulegheitene han hadde for å få hamaren tilbake. Med ein gong Trym kjem med hamaren dreper han Trym og all hans ætt.

Kjelder : Wikipedia/eddadikt


http://nn.wikipedia.org/wiki/Trymskvida


https://fronter.com/aust-agdervgs/main.phtml

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar